02012022 O PPGÅVE 1 EIT UNDERVISNINGSOPPLEGG PRAKTISK – PEDAGOGISK

02012022 O PPGÅVE 1 EIT UNDERVISNINGSOPPLEGG PRAKTISK – PEDAGOGISK
02012022 SENIORKLUBBEN FORMAND HENNING DAMSGAARD MOBIL 30640159 MAIL
booklet%2020120228

FOI%2020120228%20JOHN%20WICKER%20LETTER
LA%2020120228-1

Oppgave 1:

02.01.2022

O02012022 O PPGÅVE 1 EIT UNDERVISNINGSOPPLEGG PRAKTISK – PEDAGOGISK ppgåve 1:

Eit undervisningsopplegg



PRAKTISK – PEDAGOGISK UTDANNING

DELTIDSSTUDIET





ALLMENNLÆRARUTDANNING

2002 – 2004














INSTITUTT FOR PRAKTISK PEDAGOGIKK (IPP)

UNIVERSITETET I BERGEN

Innleiing


Førsteinntrykket av oppgåveteksten ”eit undervisningsopplegg” tolka eg som eit heilskapleg opplegg av undervisninga gjennom skuleåret. Seinare, under utarbeidinga av tankekartet, endra førsteinntrykket seg til eit undervisningsopplegg for 1-2 timar. Denne forma for undervisning brukar eg ikkje for den klassen eg skal ta for meg, der nyttar eg og elevane eit meir langsiktig og friare undervisningsopplegg.


Under punktet, Kven – kort om klassen/situasjonen, tar eg for meg skulen eg jobbar på og geografien rundt skulen i tillegg til faga eg underviser i og kva for klasse eg har valt å ta utgangspunkt i. Grunnen til at eg har valt denne klassen, kjem av at det er denne klasse eg vil sjølv vil bli evaluert i av min eigen rettleiar.


Vidare tar eg for meg, Kva – mål/innhald. Her går eg inn på korleis eg vil skape eit trygt og godt læremiljø. Korleis eg vil gå fram for å aktivisere elevane ved å skape interesse for faget. Vidare ser eg på relasjonar mellom faget og arbeidslivet, og korleis eg kan nytte dette i undervisninga.


Dei to neste punkta, Korleis og Kvifor, har eg valt å slå saman ved at eg gjer greie for metodane mine etter kvart. Her går eg inn på kva type fagbøker vi nyttar og korleis elevane bruker dei. Samstundes seier eg noko om kor viktig elevaktivitet er og kor viktig det er at elevane lærar å samarbeide i form av samtale elvane mellom og i dialog med lærar/rettleiar. Til slutt reflekterar eg over metodane eg nyttar opp mot Deweys, Hayrynen, Kilpatrick og Illeris sine tankar om læring.

Kven – kort om klassen/situasjonen


Eg vil starte med å fortelje litt om miljøet der eg, kollegaer og elevar jobbar. Skulen er Dale vidaregåande skule i Sunnfjord som er ein kombinert yrkesfagleg og allmennfagleg skule. På skulen jobbar det ca. 35 lærarar, 4 reinhaldarar, ei kantinedame, ein vaktmeister, og ca. 230 elevar. Miljøet er såpass oversiktlig at alle kjenner til alle slik at det er vanskeleg å ”gøyme” seg vekk. Dei fleste elevane er pendlarar, og mange av dei har ein lang veg til skulen slik som meg sjølv. Kvar dag har eg 15-20 minutt med køyring til ei ferje som igjen bruker 20-25 minutt til Dale + 10 minutt rask gange til skulen. Reisetida er lang og kan mang ein gong vere eit slit for elevar og tilsette, men ofte er det mangelfulle reisetilbodet frå og til skulen like mykje eit problem. Mange skular i distrikta lid av at elevane bur langt frå kvarandre og skulen, noko som fører til at skulen kan oppfattast som reine arbeidsplassar framfor som ein sosial møtestad. Dei siste åra har Dale vidaregåande skule starta med kveldsopen skule, der elevar og tilsette kan samlast til forskjellige typar aktivitetar som til dømes billiard, bordtennis, data, film, mat, lekse osv. Dei som bur nær skulen har dratt nytte av dette tilbodet og har ytra at det er ønskeleg at ein skal halde fram med kveldsopen skule.


Dette skuleåret underviser eg i tre forskjellige klassar og fag. Faga er systemutvikling – 3IT (VK2), brukarsystem – 2IT (VK1) og kjemi – 3KJ (VK2). Dessutan har eg ei delstilling som systemansvarleg ved skulen. Faga har eg undervist i før ved skulen og elevane kjenner eg godt frå tidligare klassar med unntak av nokre få nye elevar som deltek i faget 2IT.


Klassen eg har valt å lage eit ”undervisningsopplegg” for er systemutvikling – 3IT. Elevane i denne klassen kjenner eg godt frå før og har undervist mange av dei heilt frå dei starta ved skulen. Klassen består av 12 elevar, 7 gutar og 5 jenter. Desse elevane underviste eg i fjor i faget brukarsystem, som faget systemutvikling bygger på. Mange av elevane syner stor interesse for faget, men nokre tykkjer faget er noko vanskeleg og jobbar då ofte med litt mindre glød. Denne fordelinga kjenner eg igjen frå andre fag, og det er klart at det som ein får til er kjekt og det som er vanskeleg kan fort verke slitande. Dessutan er kunnskapsgrunnlaget hos elevane svært varierande. Ein del, spesielt 2-3 av gutane har jobba mykje med data tidligare og er aktive medlemmar i den lokale dataklubben. Dette har tydeleg gitt meirsmak på data og dei jobbar flittig i timane når eg gir dei oppgåver i tråd med deira interesser.


Elles er resten av elevane godt vande med databehandling på grunn av at dei har datamaskin og den nødvendige programvaren heime. Ein del av elevane kjenner eg godt frå miljøet rundt den lokale dataklubben, der eg sjølv er aktiv styremedlem. Dette at eg engasjerer meg i lokalsamfunnet har utan tvil gitt meg visse fordelar i forholdet til ein del av elevane. Dei kjenner meg frå ein annan stad enn skulen og vi kan kommunisere veldig uformelt saman. Dette smittar ofte over på dei andre elevane og vi får ofte ein fin atmosfære i klassen.


Klasserommet, EDB1 som eg og elevane disponerar, er nytt, stort og har dei nødvendige hjelpemidla. Det er installert 25 nye datamaskiner, der 24 er til disposisjon for elevane. Programvaren er ny og blir kvart år installert på nytt slik at maskinene skal fungere tilfredssillande gjennom det nye skuleåret. Det er installert 2 laserskrivarar og vi har ei kraftig videokanon som hjelpemiddel i undervisninga. Dessutan har rommet klimaanlegg, noko som elevar og tilsette har satt stor pris på denne varme hausten. Det at arbeidsplassen/rommet er tilfredsstillande med omsyn til utstyr og inneklima er med på å skape eit godt læremiljø.

Kva – mål/innhald


Noko av det viktigaste for meg som rettleiar, er å skape eit positivt miljø i klassen som fører til interesse og engasjement for faget. Kor godt ein lykkast i dette varierer ofte frå klasse til klasse og frå elev til elev. Men ein viktig faktor er at eg tidleg får direkte kontakt med eleven og klassen, syner at eg engasjerer meg i skuledagen deira så vel som fritida. Ein annan viktig ting er å vere audmjuk i forhold til kunnskapsnivået til kvar enkelt elev og vanskegrad i faget. Ein må og tidleg fortelje kva fagemne vi skal innom i løpet av året og kva som blir vektlagt til eksamen. Personleg er eg for å fjerne sentralgitt eksamen på grunn av at eksamen er altfor styrande i forhold til elevane og ikkje minst faglærar, men eg skal ikkje gå inn på det no.


Som nemnt tidligare er kunnskapsnivået veldig forskjellig blant elevane, men eit av måla er at elevane skal tileigne seg ny og positiv kunnskap i faget. Ikkje alle vil klare å tileigne seg like mykje fagleg kunnskap i forhold til læreplanmåla, men noko som er like viktig for meg er at elevane får eit positivt forhold til faget som vil føre til vidare studie og arbeid. For at elevane skal få denne positive opplevinga er det viktig at eg relaterer faget til arbeidslivet. Dette gjer eg gjennom konkrete døme på arbeidsoppgåver utanfor skulen og ikkje minst gjennom å engasjere dei til å ta del i utforming av datasystem som skal/kan takast i bruk av klubbar, organisasjonar, skuleadministrasjonen og andre faglærar. Det at eg tek i bruk bedrifter og andre organisasjonar som moglege ”kundar” til datasystem vi skal utvikle, er med å aktivisere elevane på ein heilt anna måte enn eg har opplevd i andre fag. Enkelte elevar tek i bruk kunnskapen heime og lagar små nytteprogram for foreldre og naboar utan at eg har oppmoda dei om det. Og det er utruleg positivt for meg som faglærar å få slike tilbakemeldingar, og ein ser då at delar av tida i klasserommet fører til kunnskapsauke og engasjement hos elevane.

Korleis – metode


I faget systemutvikling brukar vi mykje sjølvillustrerande bøker og mykje av tida jobbar elevane sjølvstendig. Klasserommet er oppbygd slik at elevane sit ilag to og to, med kvar si datamaskin, så det blir ofte faglege og mindre faglege diskusjonar mellom elevane. Om eleven vil følgje boka side for side er eigentleg eit val som den enkelte elev sjølv tek. Sidan bøkene er lite styrande i forhold til eksamen og eg forklarer dette til elevane, ser eg då at stadig fleire bruker bøkene som oppslagsverk framfor å følgje dei slavisk og passivt. Men metoden passar ikkje for alle, særlig dei med noko mindre kunnskap og interesse i faget slit med denne frie arbeidsforma. Då kan det vere fint å ha ei bok å jobbe gjennom før ein startar å utforske faget på eigenhand. Sjølv om den faglege interessa for nokre elevar er låg i starten av skuleåret, endrar dette seg oftast etter kvart som elevane lærer faget å kjenne og læraren ser kva behov elevane har.


Elevdeltaking er eit viktig verktøy i undervisninga. Det at elevane er med på å bestemme kva vi skal gjere i timane er med på å få elevane til å føle eit ansvar for læringa og dei får eit eigarforhold til timane og skulen. Det at elevane kan knytte faktiske eigeninteresser opp mot faget er med på å aktivere elevane på ein heilt anna måte enn det faste opplegget lærebøkene legg opp til.


Døme:

Ola jobbar på eigenhand og har nett gjort seg ferdig kap.4 i databaseboka. Han er litt ukonsentrert og lei, og tek til å lese og skrive litt e-post. Faglærar ser dette og spør om han likar musikk. Ola svarer kort ja og held fram med e-posten. Har du oversikt over musikksamlinga di spør læraren. Nei, det har eg ikkje, seier Ola litt spørjande. Kva med å lage ein database der du kan registrere all musikken din slik at du får oversikt og lett kan finne ut kva for melodiar som ligg på kva for CD’ar, LP’ar eller kassettar? Tja, det høyrast interessant ut, seier Ola og startar utviklingsprogrammet Modelator.


Sidan faget er systemutvikling er det viktig at elvane får nytte programvaren mest mulig. Eg er av den oppfatning at den visuelle læringa er minst like viktig som den teoretiske i dette faget. Det er viktig at elevane kjenner seg igjen i programvaren, veit kvar dei forskjellige verktøya er og kan utnytte dei. Ein viktig del av den visuelle læringa er læraren sin bruk av videokanon. Ved å bruke videokanon kan ein syne mange av dei ”skjulte” verktøya i programvaren og det er svært effektivt i ein stor klasse ved at du deler informasjonen kollektivt. Sjølv om bruk av videokanon utvilsamt er eit svært effektivt hjelpemiddel, må ein ikkje overdrive bruken slik at elevane blir passive.


Etterkvart som elevane blir kunnskapstrygge i faget og leitar etter større utfordringar, knytar ein gjerne meir praktiske oppgåver opp mot faget. Som nemnt tidligare plar eg knyte arbeidslivet og hobbyar til aktuelle situasjonar som kan vere av interesse for elvane, og det er viktig at ein spelar på elvane sine premissar innan dei gitte rammene for skulen og faget. Dersom ein får elevane til å ta initiativ og at ein får fram forskaren i elevane har ein lykkast langt på veg.

Kvifor – grunngjeving for mål/innhald og metodar


Gjennom oppgåva så langt har eg stort sett grunngjeve måla og metodane mine. Hovudmåla finn kvar lærar i den generelle og den faglige læreplanen, og ein er pålagt å oppfylle desse. Det er heller eit spørsmål om korleis ein oppfyller desse som er viktig for meg. Klarar eg å skape eit morosamt, pulserande og lærerikt læringsmiljø, der ingen kjenner seg tilsidesett, har eg langt på veg lykkast. Det er viktig for meg å fungere som ein rettleiar og oppslagsverk når det er noko elevane lurer på. Gi dei starthjelp og guiding i jobbinga fram mot eit ferdig produkt som dei skal få eit eigarforhold til.


Dersom eg skal evaluere mine pedagogiske og fagdidaktiske metodar i faget systemutvikling opp mot kjente teoriar heller eg vel mot Deweys, Hayrynen, Kilpatrick og Illeris tankar om læring. Eg vel å ikkje leggje for faste føringar i elevane sin måte i tilegne seg kunnskap og heller la elevane forske og prøve på eiga hand. Eller som Deweys seier:


Erfaringslæring – i den forstand at den er knytt til den enkeltes handling, tenking og utprøving i forhold til omgivnadane. Elevens aktivitet står i fokus, ikkje læraren. Læraren skal rettleie elevane i ein problemløysande og aktiv prosess, der elevane skal ha eit hovudansvar for å definerer aktuelle problem.


Dessutan er det viktig at elevane får syne kreativitet i forhold til læringa, det er mange vegar til mål. Å få tileigna seg den aktuelle fagkunnskapen gjennom eigne problemstillingar, løysingar og via sin eigen kreativitet, kan vere ein av vegane til måloppnåing. Eg vil då kort nemne Hayrynen sine tankar om læring.


Kreativitet er eit resultat av eit vekselvirke mellom det skapande individet og omverden. Kreativitet er ein aktiv reaksjon på omgivingane sine krav, og mennesket må forståast i forhold til sine omgivnader.


Det at elevane får jobbe ilag og hjelpe kvarande uformelt elles i timane og formelt i samband med organiserte prosjekt, er viktig i dagens samfunn der lagspel blir ein stadig meir vanleg arbeidsform. Slik kan elevane gå over i den tradisjonelle lærarrolla og sette læraren i ei lytterolle der han kan fungere som ein rettleiar. I trå med desse tankane vil eg nemne Kilpatrick og Illeris som begge ser på prosjektarbeid som ein grunnleggande arbeidsform i skulen. Dei meiner at prosjektarbeid er ein måte å organisere eleven si læring ved medbestemming, oppgåveorientering og ved at læringa er meir nær røyndommen.


Konklusjon


Kva for metodar ein vel å ta i bruk er heilt avhengig av klasseromet, skulen, elevane, faget og ikkje minst deg sjølv som lærar. I andre fag som kjemi, fysikk og matematikk ville eg gjerne brukt andre metodar alt etter faget sin struktur og emne, og kva for elevar og miljø som er i klassen. Men med det meiner eg ikkje at elevane ikkje kan ha frie arbeidsmetodar i form av prosjekt- og temaarbeid. Sjølv vil eg støtte meg til den Naturvitskapelig orientert didaktikken, der systematikk i undervisninga og skriftleg tilbakemelding på elevarbeidet er meir hyppig enn i EDB-faga.


Tilbakemelding:

Eg vil gjerne ha personlege tilbakemeldingar på det å planlegge undervisninga i større tema framfor det å planlegge undervisninga time for time.

Kjelder


Hilde Hiim og Else Hippe: Læring gjennom opplevelse, forståelse og handling. Kap. 10 Læreprossen


Ivar A. Bjørgen: Ulike perpektiv på læring og læringsforskning: O. Dysethe


Walter Frøyen: L-97 og læring. Betre skole nr. 3/99


Gunn Imsen: Lærerens verden. Kap.1, 2, 10 og 11



9

Dag Ove Nesberg Askvoll 2002 - Haustsemesteret





Tags: ppgåve, praktisk, 02012022, undervisningsopplegg, pedagogisk