Til barna i _____ barnehage!
Me er ____ damer/ ___menn som skal koma på besøk i barnehagen din om ei veke. Me skal vera i barnehagen i tre dagar, måndag, tysdag og onsdag for å sjå og høyra korleis du har det i din barnehage.
D
set
inn foto
[Namn] jobbar i [Namn] barnehage,
ho/han likar godt å [lesa bøker]!
D
set
inn foto
[Namn] jobbar i [Namn] barnehage,
ho/han likar godt å [syngja]!
D
set
inn foto
[Namn] jobbar i [Namn] barnehage,
ho/han likar godt å [vera ute i naturen]!
For å få vita mest mogleg om din barnehage vil me snakka med barna i barnehagen, foreldra til barna og med dei vaksne som arbeider i barnehagen.
Me kjem på måndag, og då får me helsa på kvarandre i samlingsstunda. Me kjem sikkert til å sjå kvarandre elles også, både i leik, når de skal eta, og kanskje i garderoben før de skal ut? På tysdag vil nokon av barna få vera med oss på ”møte” der dei skal fortelja oss om [set inn tema], og korleis dei synest det er å vera barn i barnehagen. Styrar i barnehagen avtaler «møte» med barna det gjeld, og med foreldra før me kjem til barnehagen.
Det me har sett og høyrt i din barnehage, skal me skriva ned på PC-en vår. Me vil skriva litt om det som er bra i barnehagen, og litt om det som kan verta betre. Barnehagen skal få det me skriv, og når me har reist att, skal dei vaksne i barnehagen bestemma kva dei skal gjera med det som kan verta betre – kanskje dei vaksne i barnehagen vil snakka med barna i barnehagen om dette også?
Me gler oss til å treffa deg!
Venleg helsing [Namn på vurderarane]
BARNAS BESTE DENNE SAKEN SOM ALLE BARNEFORDELINGSSAKER DREIER SEG
BARNASAMNINGUR SAMEINUÐU ÞJÓÐANNA OG EFTIRLIT MEÐ ÞVÍ AÐ ÁKVÆÐUM
BEHEARD ADVOCACY SERVICE BACKGROUND BARNARDO’S IN GLOUCESTERSHIRE IS CONTRACTED
Tags: barna i, med barna, damer, barnehage!, barna