SONE 3 ÅRSMELDING 2019 INNKALLING TIL ÅRSMØTE I JØLSTER








Jølster Jakt og Fiskelag







Sone 3








Årsmelding 2019






SONE 3 ÅRSMELDING 2019 INNKALLING TIL ÅRSMØTE I JØLSTER

Innkalling til årsmøte i Jølster jakt og fiskelag sone 3

på Thon Hotel Jølster Mandag 08.06. 2020 kl. 19.00


Sakliste: 1 . Godkjenning av innkalling og sakliste.

2 . Val av møteleiar og skrivar.

3 . Val av to til å skrive under møteboka.

4 . Årsmelding.

5 . Rekneskap.

6 . Disponering av overskot/ dekking av underskot

7 . Pris på fiskekort / jaktkort i 2020.

8. Arbeidsplan 2020

9. Val


Forslag arbeidsplan 2020:

Marknadsføring av sportsfiske i Jølster

Digitalt sportsfiskekart

Villreinarbeidet i samarbeid med utval og villreinnemnd.

Fangstregistrering i Jølstravatnet

Kjøsnesfjordbrua


Frå kl 20.00 Matøkt og fellesmøte med alle sonene

Frå kl 21.00 Fellesstyremøte alle soner


På grunn av smittevernreglar knytt til Covid-19 situasjonen ønskjer vi at ein sender påmelding til: [email protected] for at vi skal få oversikt over kor mange som kjem.





Vår nettside: www.jolstraaure.no




Jølster Jakt og Fiskelag

sone 3

Årsmelding 2019


Førre årsmøtet vart halde på Skei Hotel. Det var og fellesmøte med sone 2

etter matøkta.

Styret i meldingsåret har vore :

Finn Årdal , leiar

Inge Erikstad, nestleiar

Jonny Lofnes , kasserar

Johs O Kjøsnes, styremedlem

Kjetil Sunde, styremedlem

Varamedlem: Peder Taklo

Styret har hatt 3 styremøte og handsama 7 saker. Det er gjeve tilskot til: Opprydding etter rasa i juli,Jølster Aurefest, digitalt fiskekart i Jølster og til kultiveringsprosjekt i Kjøsnesfjorden. Styret har og delteke på fellesstyremøte for alle sonene i Jølster Jakt og Fiskelag og Finn Årdal har vore leiar i fellesstyret.


Fiskekortpriser 2019

Døgn Kr. 120,-

Veke Kr. 600,-

Sesong Kr. 1000,-

Gjeld for alle sportsfiskereiskap i heile Jølster.

Fisket

Det vart i 2019 selt 1914 fiskekort mot 1946 i 2018. Dette totalt for alle 4 sonene.

Fangstregistreringa viser ein samla fangst i Jølstravatnet i 2018 på 12.457 kg. Dette er samla berekna fangst for både næringsfiske og sportsfiske.

Villrein

Styret heldt trekking av villreinløyva i Førdefjella for Jølster sin del der Inge Erikstad og Ragnhild Sæle fekk løyve.


Rev

Det er felt 38 rev totalt i Jølster i 2019. Sone 3 betaler 25% av fellingsvederlaget på kr. 400,- pr rev. Og sankelaga betaler og 400 kr, totalt blir det betalt 800 kr pr. rev. Det har og blitt felt 7 mår og ingen kråker.


Jaktkortpriser 2019

Døgn 150,-

Veke 500,-

Sesong 1000,-

Gjeld for heile Jølster og det var fangstbegrensing med døgnkvote på 3 ryper


Småviltjakta

Det vart totalt i Jølster selt 125 jaktkort mot 134 i fjor.


Kontrollordninga

Fiskekortkontrollen har i år vore utført av Jonny Lofnes



Jølster Aurefest

Vart arrangert 6 - 8 juni 2019. Det var nok ein gong over 1000 deltakarar og mykje god reklame for Jølster. Aurefesten vart utvida med 2 ekstra fiskedager.

Finn Årdal har i 2019 vore leiar i hovudkomiteen og mange av våre medlemmar deltok på dugnad. Vi bidreg og med gratis fiskekort for deltakarane.

Opprydding etter rasa 30 Juli

Alle rasa i dette uværet tok med seg store mengder skog ut i Jølstravatnet. Vi tok ansvar ved å forskotere kostnader til maskinopprydding. Hadde ikkje dette blitt gjort før vatnet steig opp til hausten ville det nok sett veldig mykje verre ut i dag. Våre medlemmer var og sentrale i den store ryddedugnaden rundt vatnet eit par veker etter rasdagen.


E39 Bjørset – Skei

Vi har etter dialog med Statens Vegvesen fått laga nokre fiskeplasser langs den nye vegstrekninga.


Kjøsnesfjordbrua

Her pågår no utfylling av steinmasser. Vi håper dette skal gjere området meir attraktivt. Grunneigarane på Kjøsnes føl opp dette.









Tags: innkalling til, av innkalling, årsmelding, årsmøte, jølster, innkalling